Velkomen til Årskog

Garden Årskog ligg i Haukedalen i Førde Kommune.

Årskog er ein gammal gard, og tunet består av fleire gamle bygningar, nokre heilt tlbake frå 1700-talet. 

I rolege omgjevnader kan du bu her i det store nyrestaurerte huset på garden.

Elva Gaula med mange fine fiskeplassar renn forbi like nedom gardstunet.                                                     Frå tunet er det nokre hundre meter å spasere til naustet vårt ved elveosen. Her renn Gaula ut i Haukedalsvatnet, rekna som eit av dei beste fiskevatna i landet.

Årskog er også eit flott utgangspunkt for  mange turar som du kan gå i Haukedalen.                             

                                                                

Familie på fisketur i Huahølen       i elva rett nedom huset.

Matbua frå 1700-talet    står midt i tunet

Utsikt frå Årskog mot fjellet Kabusen