Fiske

For sportsfiskarar har Haukedalsvatnet lenge vore kjent og populært som aurefiskevatn. Vatnet er kjent for fin kvalitet på fisken som stort sett er raud i kjøtet.

Vi leiger ut båt og sel fiskekort for Haukedalsvatnet

I elva ovanfor Haukedalsvatnet har vi fleire fine fiskeplassar som høyrer inn under garden, og vi har mange hundre meter med eiga strandline her.                                        I tillegg sel vi fiskekort på ei lenger strekning på Frøysland.                                                                                                          Elva eignar seg svært godt til flugefiske, med mange fine hølar og stryk. Her er enkelt å komme ned til elva, og mange plasser høver det også fint for borna å vere med.

Famile på fisketur i Huahølen, rett nedom huset på Årskog

Frå Haukedalsvatnet ved elveosen.

Parti frå Gaula på Frøysland