Om garden

Garden Årskog er idag driven som ei driftseining i lag med garden Frøysland. Frøysland er nabogarden til gardsbruka på Årskog. Bustadhus og driftsbygningen ligg også på Frøysland.

Hovudproduksjonen på garden er mjølkeproduksjon, og i tillegg  har vi noko kjøtproduksjon på storfe og sau.                         Jordbruksarealet som blir drive er på vel 200 dekar. Det ligg også ein del skog og utmarksområde til garden, og her er stølar både på Frøysland og Årskog.                                             Garden har også jakt og fiskerettar. Vi er medeigarar i 3 jaktfelt for hjort. Desse vert utleigde saman med naboar, men på eit av felta jaktar vi sjølve.                                     

 

Utsikt frå Årskog mot Haukedalsvatnet.

På veg til sommarbeite på Årskogstølen.

Sauer på Kabusen på Frøysland.