Overnatting

Huset er frå byrjinga av 1920-talet, med flotte tømmerveggar i nesten alle romma. Her er 2 store stover, kjøkken, bad, gang og 1 soverom i 1. etasje.  I 2. etasje er det 2 store soverom i tillegg til  2 mindre. Det er god plass til 6-8 personar, og ein kan vere opptil 10 om ein ynskjer det.

Dei siste åra er huset pussa opp, m.a. med heilt nytt stort bad. Vi har prøvd å ta vare på mest mogeleg av den gamle stilen i huset.

Huset er godt utstyrt med det du treng for eit kortare eller lengre opphald. Om du ynskjer det, kan vi halde sengetøy.

Stove med stort spisebord rett innfor kjøkkenet. Her er også salongbord  med sittegruppe, vedovn og tv.

Ein kaffikopp ved kjøkkenbordet.

Nytt stort bad med varmekablar.  Her finn du også vaskemaskin.                                                                             

           Soverom i 1. etasje.

Eit av dei mindre soveromma i 2. etasje. Populært hos barna.