Turar

Haukedalen har eit flott og variert terreng for turgåarar. Her finn du alt frå stiar og veiar i skogsterreng, til lange turar mot Jostefonn og Grovabreen, med toppar på over 1600 m.o.h.                                                                                           Langs vegen gjennom bygda finn du skilt som viser veg til stølar og fjell i nærleiken. Her er det merka stiar eller du går på skogsvegar, slik at du enkelt skal finne fram.

Dersom du ynskjer det, kan vi guide deg  både til støls og på bretur.

Utsyn over Årskogstølsvatnet

Taulag på Grovabreen

På veg til Kabusen ein vårdag.

Frøyslandstølen med Haukedalsvatnet i bakgrunnen

 

På veg til Årskogstølen

Det er laga eige turkart for Haukedalen.     Her finn du informasjon om bygda, og forslag til mange turar.                         Nokre av turane har merka ruter, andre er umerka turforslag.